Iotas

Enkel notatføring

Iotas har som mål å gje distraksjonsfri notatføring med eit design laga for mobil først.

Funksjonar

  • Valfri hurtigsynkronisering med Nextcloud Notes
  • Redigering av notat utan nett, med synkronisering når du er på nett att
  • Kategoriredigering og filtrering
  • Favorittar
  • Stavekontroll
  • Søk i heile samlinga eller i enkeltnotat
  • Fokusmodus og valfri gøyming av toppfeltet og formateringslinja i redigeringsvindauget
  • I førehandsvisinga: eksport til PDF, ODT og HTML
  • Eit konvergent design som gjer at Iotas er like heime på datamaskina som på mobilen
  • Søk frå GNOME Shell
  • Sikkerheitskopiering og gjenoppretting av notat (frå kommandolinja, for bruk utan synkronisering)
  • Moglegheit til å endre skriftstorleik og slå fast breidde av og på

Skriving i markdown er støtta, men valfritt, og gjev

  • Formatering med verktøylinje og snarvegar
  • Syntaksutheving med tema
  • Innsetjing av bilete
  • Ei formatert vising
  • Moglegheit til å krysse av oppgåvelister i den formaterte visinga

Litt meir tekniske detaljar, for dei som er interesserte i slikt

  • Synkronisering med Nextcloud Notes går via REST-API-et, ikkje WebDAV, og det gjer ho kjapp
  • Synkroniseringskonfliktar vert oppdaga på eit grunnleggjande nivå
  • Notat vert lagra fortløpande
  • Store notatsamlingar vert delvis lasta inn, slik at oppstarten går raskare
  • Notat vert lagra i SQLite, som gjev raskt søk (FTS) utan å finne opp hjulet på nytt. Vanlege filer kan hentast ut ved å lage ein sikkerheitskopi (kommandolinja).

Vert med på dugnaden

Utforsk grensesnittet

Index
Editor with markdown
Rendered markdown
Index in dark style
Mobile

Vert kjend med oss

Meir informasjon

Siste utgjevnad

Siste versjon 2026.10 gjeve ut den 2026-10-21 00:00:00 UTC.

Appen er omsett

Denne appen er tilgjengeleg på ditt språk.

Nøkkelord

  • Distraction
  • Distraksjon
  • Document
  • Dokument
  • Editor
  • Focused
  • Fokusert
  • Gnome
  • Gtk
  • Iotas
  • Linux
  • Markdown
  • Minimal
  • Nextcloud
  • Notat
  • Notes
  • Skrive
  • Tekst
  • Text
  • TextEditor
  • TextTools
  • Utility
  • Write

Vel språk